Forening for slagramma på Søre Sunnmøre
Grasrotmidlar er midlar foreninga får frå Norsk Tipping ved at den som tippar, registrerer NFS Søre Sunnmøre som den ideelle organisasjonen ein vil støtte gjennom tippinga. Ordninga inneber at foreninga vår då får 5% av den summen det vert tippa for. Dette går ikkje utover tippar sin innsats eller ein evt premie. Dette er kun ei ordning som skal overføre midlar frå Norsk Tipping til ideelle lag og organisasjonar rundt om i landet.
Dersom du vil at vår forening skal få slik grasrotmidlar frå dine spel hos Norsk Tipping, ordnar du dette ved å oppgje vårt organisasjonsnummer når du registrerer deg hos kommisjonær eller på nettet (sjå link under). Skifte av grasrotmottakar gjer du også hos kommisjonær - eller på nettet.
NFS Søre Sunnmøre sitt organisasjonsnummer er 911 954 834.
Les meir om grasrotandelen her: https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen. Her kan du også sjå kva vi beløp vi har mottatt og kor mange som har valt å velge oss som mottakar av grasrotmidlar. Du kan også registrere deg her ved å velge "Tilknytt" etter at du har søkt fram vår forening "NFS Søre Sunnmøre".
Webmaster: Hallvard Takset