NFS Søre Sunnmøre

Lokalforeninga er ei forening for slagramma og deira pårørande i kommunane Ørsta, Volda, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Foreninga er tilslutta Norsk Forening for Slagrammede (http://www.slagrammede.org

Vi har for tida vel 50 medlemmar.  Det vert arrangert medlemsmøte omlag ein gong per månad. På medlemsmøta har vi  fagleg program med tema knytt til det å leve med slag.  I tillegg skal medlemsmøta vere ein sosial møteplass dere ein kan ha det triveleg saman med andre som også har same diagnosen samt deira pårørande.

Vidare arrangerer foreninga sosiale aktivitetar som til dømes fellesturar. I desember månad avsluttar vi året med ein julemiddag.

Våre tilbakemeldingar er at som slagramma vil du ha stor nytte av å bli medlem av foreninga. Her har du ein stad der du kan utveksle erfaringar med andre med same diagnose og på den måten også få verdifulle råd og innspel om korleis ein best mogleg kan meistre kvardagen som slagramma.

Webmaster:  Hallvard Takset

Del denne siden