Forening for slagramma på Søre Sunnmøre
Slagforeninga arrangerte sitt årlige "julebord" onsdag 4. desember i lokala til Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik.
Denne avslutninga før jul i foreninga har blitt ein årlig tradisjon og framimot 30 medlemmar var med på årets arrangement. Det var sett opp ekstrabuss frå Volda/Ørsta for medlemmar derifrå.
I tillegg til god julemat fekk vi musikkinslag frå folk frå folkehøgskulen. Vidare fekk Inger Johanne Lillestøl fram høgtidsstemninga i salen med sine juleforteljingar som ho las for oss.
Arrangementet vart som alltid leia av vår dyktige leiar John Hide. John og Palma fekk også blomsterhelsing frå foreninga for deira store og oppofrande innsats for oss vanlige medlemmar i foreninga.
Tradisjonen tru arrangerer foreninga "julebord" for medlemmane i desember.
Arrangementet vert på folkehøgskulen i Ulsteinvik den 4. desember klokka 16.00.
Det vert servert trsdisjonell norsk julemat. Vi får også litt underhaldning frå elevar ved skulen.
Det er ein eigendel på kr 100 for middagen samt kr 100 for dei som reiser med bussen frå Ørsta/Volda. Bussen går frå busstoppen i Furene klokka 15.10.
På grunn av middagsserveringa, må vi få inn førehandspåmelding til dette medlemsmøtet. Påmelding til John Hide tlf. 91583290. Siste frist 29.11.
Foreninga vår har årlig gitt gåver til utstyr og aktivitetar på Mork Rehabsenter. Dei fleste av medlemmane i foreninga har eit eller fleire kortare eller lengre opptreningsopphald på senteret og foreninga synes derfor at det er naturleg at vi bidrar når spesielle behov oppstår.
Vi har derfor vedtatt å gje kr 20.000 til kjøp av treningsapparatet som vi ser på bildet. Det vert vurdert av Morksenteret at dette apparatet vil vere eit godt hjelpemiddel til opptrening av personar som har hatt hjerneslag.
Treningsapparatet vil spesielt gi god effekt på styrketrening og balansetrening.
Vi startar opp att etter ferien med
medlemsmøte på Mork Rehab senter onsdag 4.september klokka 14.00.
Vel møtt.
Som det vart orientert om på samlinga på Mork 6. mars, vert det felles tur den 22. mai der vi legg opp til hyggelig sosialt samvær og med ein god middag som ein del av programmet.
Turen i år går til Grodås. Vi startar klokka 12.30 med omvisning på på Anders Svor- museet. Sjå https://www.sfk.museum.no/nn/anders-svor-museum
Deretter vert det middag på Havila Raftevoll Hotell. Eigendel for dagen er kr 100. Kvar enkelt må sjølv ordne med transport til og frå Grodås.
Meir informasjon og påmelding på medlemsmøtet på Mork i april. Vi ser fram til ei hyggelig samling i Grodås. Evt nye medlemmar som også ynskjer å vere med på turen, kan melde seg inn i laget ved å bruke menypunktet "Kontakt" over.
Foreninga held årsmøte onsdag 6. mars kl 14.00 på Mork.
Årsmøte og rekneskap vert delte ut på møtet og skal godkjennast av årsmøtet.
Val står også på saklista.
Har du eit forslag til tema på møta våre eller eit forslag som kan gjere foreninga endå meir attraktiv eller bedre, send oss ei melding ved å bruke menypunktet "Kontakt" over.
Vel møtt til årsmøtet.
Husk medlemsmøte onsdag 6. februar kl 14.00 på Mork Rehab senter.
Tema for møtet: Talevanskar/afasi v/ Turid Alise Lindset
Under julemiddagen på Sunnmøre Folkehøgskule fekk ekteparet Palma og John Hide ei velfortent takk for deira store arbeid og engasjement for NFS Søre Sunnmøre.
John har i ei årrekke vore foreninga si drivkraft ved å vere ein leiar som har vist eit usedvanlig stort engasjement og lagt ned eit bedtydelig arbeid for laget, noko som vi andre i foreninga har nytt godt av og sett stor pris på. Ved hans side, og også som styremedlem, har Palma Hide stått. Også ho har utført eit stort arbeid for foreninga.
Så derfor var det på sin plass at ekteparet vart heidra på avslutningsfesten i Ulsteinvik,
Det vart arrangert juleavslutning i lokalforeninga vår på Sunnmøre Folkehøgskule no i desember. Vi var omlag 35 medlemmar som deltok på arrangementet.
Folkehøgskulen hadde laga ein utsøkt julemiddag med etterfølgjande bløtkake og kaffi. Elevar frå skulen deltok også med stemningsfull framføring av tre songar knytt til julehøgtida. I tillegg fekk vi også denne gongen gleda av å høyre Inger Johanne Lillestøl si opplesing og gode framføring av juleforteljingar. Arrangementet vart leia av vår dyktige leiar John Hide.
Arrangementet vart langt på veg finansiert gjennom inntekter frå loddsal på medlemsmøta gjennom året.
Tradisjonen tru vert det "julebord" på desembermøtet i slagforeninga. Arrangementet vert på folkehøgskulen i Ulsteinvik onsdag 5. desember kl 16.00.
Møtet er ope for medlemmar i slagforeninga. Også nye medlemmar er velkomne. Det er sett opp buss til møtet frå Ørsta/Volda.
På grunn av middagsserveringa, må vi få inn førehandspåmelding til dette medlemsmøtet. Påmelding til John Hide tlf. 91583290.
Overskotet frå loddsala på dei tidlegare medlemsmøta delvis dekkei betalinga for middagen slik at det kun vert kravd inn ein eigendel på kr 100 for maten. For dei som tar bussen frå Ørsta/Volda vert det kr 100 ekstra.
Velkomen til god mat på Sunnmøre Folkehøgskule. Vi får også kunstneriske innslag under samkoma.
Neste medlemsmøte er førstkomande onsdag (7. nov) klokka 14.00.
Møtet er på Mork Rehabiliteringssenter.
Etter eit vellukka oktobermøte med sosialt innhald på Rekkedal Gjestehus, vert det no på november-møtet meir faglig innhald.
Vi får besøk av lege Tonja Pantelatos. Ho vil orientere om "Vannhoder i samband med slag".
Alle er velkomne. Litt servering og loddsal vert det også.
Oktobermøtet i slagforeninga vart halde på Rekkedal Gjestehus. Vi var 32 medlemmar som var til stades. Gledelig var det å sjå fleire nye medlemmar denne gongen.
Middagen som vart servert var av beste Rekkedal-klasse. Vertskapen fortalde oss om historia bak etableringa av Rekkedal Gjestehus generelt og bygget vi var samla i spesielt.
Eit interessant og kjekt møte. Lite faglig stoff denne gongen, men desto meir på neste møte i november, sjå møteplanen på anna fane på sida vår.
Oktobermøtet vert halde på Rekkedal Gjestehus.
Samkoma er onsdag 3. oktober kl 14.00 på Rekkedal. Eigendel for maten er kr 200.
Ein kan melde seg på ved å ringe vår leiar John Hide, tlf 91 58 32 90. Frist 27. september.
Vel møtt. Dersom du ikkje er medlem og vurderer å melde deg inn i foreninga, er du også velkomen til å vere med på møtet. Men husk påmelding.
Sjå for øvrig: http://www.rekkedalgjestehus.no/
Slagforeninga arrangerte medlemsmøte på Mork 5. septemer. Vel 20 medlemmar var til stades.
På møtet orienterte laget sin leiar John Hide om aktuelle saker som hadde vore oppe i styret og kom spesielt inn på framtidige arrangement som komande medlemsmøte Rekkedal Gjestehus og juleavslutninga på Sunnmøre Folkehøgskule.
PÅ møtet deltok firmaet Cypromed og viste oss ein del produkt som vi som slagramma kan ha god nytte av. Meir informasjon om Cypromed finn du her: http://www.cypromed.no/
Møteprogrammet for hausten og vinteren er no på det næraste klart og programmet inneheld mange godbitar.
På møtet den 5. september kjem Cypromed og vil vise oss ein del produkt som vi som slagramma kan ha god nytte av. Meir informasjon om Cypromed finn du her: http://www.cypromed.no/
Oktobermøtet vert halde på Rekkedal Gjestehus. Vi får då smake på Rekkedal sine utsøkte matrettar. Sjå for øvrig: http://www.rekkedalgjestehus.no/
På novembermøtet får vi besøk av lege Tonja Pantelatos. Ho vil orientere om "Vannhoder i samband med slag".
Desembermøtet vert som tradisjonen siste åra, arrangert med Sunnmøre Folkehøgskule og der det vert servert julemat.
Vidare er det klart at vi på møtet i februar 2019 vil få besøk av logoped Turid Alice Lindseth som vil orientere om "talevanskar".
Ynskjer du å bli medlem i slagforeninga, kan du ta kontakt med vår leiar John Hide tlf 91 58 32 90 eller kontakte oss gjennom menypunktet "Kontakt" øverst på sida.
Foreninga arrangerer tur for medlemmane til Geiranger i sommar. Vi reiser med hurtigruten og turen vert gjennomført søndag den 24. juni. For deltakarar som ikkje klarer å kome seg til Ålesund til avgang klokka 09.30, vert det lagt til rette for påstigning i Torvika og med buss tilbake frå Hareid til Torvika (for å hente evt bilar ein parkerer der).
Eigendel for turen er kr 250. Dette inkluderer også lunsj ombord i båten.
Ein kan melde seg på ved å ringe vår leiar John Hide, tlf 91 58 32 90. Frist 1. mai. Merk at det er begrensa plassar vi har tilgjengelig, slik at prinsippet "Først til mølla" gjeld. Gje melding om de har ledsagerbevis og vil bruke dette.
NB: TUREN ER NO FULLBOOKA
Det var omlag 25 frammøtte då det vart halde medlemsmøte og årsmøte i lokalforeninga på Mork onsdag 7. mars.
Årsmeldinga viste stor aktivitet gjennom året med fleire samlingar både av fagleg art og av sosial art. Rekneskapen viste eit overskot på vel 8.500 kroner i 2017.
På årsmøtet vart John Hide attvald som leiar i laget. For øvrig er det same styret i 2018 som i 2017.
På årsmøtet underheldt duoen Reidar Almestad og Knut Halse med song og musikk samt opplesing og forteljing av gode historier.
Foreninga arrangerer medlemsmøte og årsmøte
onsdag 7. mars kl 14.00 på Mork.
Saker på årsmøte er rekneskpa og årsmelding samt val av styre og revisor.
På medlemsmøte vil vi dskutere aktivitetar vi skal gjennomføre i 2018. Vidare vert det som vanlig servering og utlodning.
Neste medlemsmøte er 7. februar klokka 14.00 på Mork Rehabiliteringssenter.
Vel møtt. Dersom du ikkje er medlem og vurderer å melde deg inn i foreninga, er du også velkomen til å vere med på møtet
Medlemsmøtet i november vart halde på Ishavsmuseet på Brandal. Framimot 30 medlemmar var til stades på møtet som starta med omvisning ombord i ishavsskuta Aarvak. Deretter vart vi presenterte for ei rik samling av gjenstandar som skildra Brandal sin posisjon som polar- og ishavssenter gjennom 100 år.
Middagen besto av kvalkjøt med etterfølgjande dessert med karamellpudding. Eit vellukka arrangement takka vere mellom anna eit dyktig vertskap - såvel omvisninga som mat og serveringa var topp.
loklaforeninga av NFS held årets siste medlemsmøte på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik onsdag 6. desember kl 16.00.
På møtet vert det servert julemiddag. Vi får også oppleve musikkinnslag frå elevar ved skulen.
Eigendel for samkoma vert kr 200. Ein kan melde seg på ved å ringe vår leiar John Hide, tlf 91 58 32 90. Frist 25. november
Eigendel kan også betalast med VIPPS (nr 133048 NFS Søre Sunnmøre)
Novembermøtet i foreninga vert arrangert på Ishavsmuseet på Brandal. Dato for møtet er 1. november og samkoma startar klokka 14.00. Det vert sett opp buss frå Ørsta/Volda
Det vert servert middag beståande av kvalkjøt med etterfølgjande dessert og kaffi. Vi får også omvisning på museet.
Eigendel for samkoma vert kr 200. Vi må for dette møtet ha påmelding i forkant. Ein kan melde seg på ved å ringe vår leiar John Hide, tlf 91 58 32 90.