Forening for slagramma på Søre Sunnmøre
Neste medlemsmøte vert arrangert på Mork Rehabiliteringssenter onsdag 4. oktober klokka 14.00. PÅ møtet vil vi drøfte ulike arrangement i vinter, mellom anna juleavslutninga som vi skal arrangere i desember,
Nye medlemmar er også hjarteleg velkomne.
Foreninga arrangerer medlemsmøte 6. september kl 14.00. På dette møtet vil sosionom Eli Skaatun delta og mellom anna orientere om ulike offentlige stønadsordningar som vi som slagramma kan ha rett til å motta.
Vidare arrangerer vi ope folkemøte 12. september der mellom anna lege Tonja Pantelatos, logoped Turid Alise Lindset samt ekteparet Lisbet Sæter og Jan Magne Dale deltar.
Meir informasjon om folkemøtet kjem på nettsida vår seinare.
Møta vert haldne på Mork Rehabiliteringssenter.
Nye medlemmar er velkomne til å vere med på medlemsmøtet. Lurer du på å verte medlem av foreninga vår, er du velkomen til ei hyggeleg stund med fagleg stoff, litt servering samt sosial kontakt med andre slagramma. Så kom til Mork den 6. september kl 14.00.
Oppdatert 14. juli: Etter utsett påmeldingsfrist var det 23 påmelde til turen. Turen vart dermed avlyst då kostnaden med å gjennomføre ein tur for 23 personar ville bli altfor stor.
-----------------------------------------------------------------------------
Oppdatert: Ved utløp av påmeldingsfristen var det påmeldt 22 deltakarar til turen. Vi må ha minimum 30 deltakarar og helst 35 for å gjennomføre turen.
NY OG ABSOLUTT SISTE FRIST FOR PÅMELDING ER TORSDAG 13. JULI.
Avgjer om turen vert gjennomført vert tatt fredag 14. juli. Informasjon om dette kjem her på nettsida vår.
..........................................................................................................
Lokalforeninga arrangerer busstur for medlemmane 24. august. Turen startar i Ørsta/Volda kl 09.00 og stoppar i Myrvåg og deretter ferge frå Hareid. Første stopp vert Altanterhavsparken der det også vert servert ein varmrett til lunsj. Deretter køyrer bussen til Alnes Opplevelsasenter der omvisning og middag står på programmet. Dei som ynskjer det, kan evt ta ein tur opp i fyren på Alnes.
På tillbaketuren køyrer bussen om Solevåg- Festøy til Ørsta/Volda og Myrvåg.
Foreninga vil subsidiere turen og eigendel vert såleis kun kr 500 for opplevelsar, sosialt fellesskap, transport og to måltid. Evt ikkje-medlemmar som vil vere med, betalar kr 1.000. Støttekontakter betaler kr 500.
Påmelding til john.hide@tussa.com.
Onsdag 5. april kl 14.00 vert det medlemsmøte på Mork Rehabiliteringssenter.
På møtet vil vi drøfte evt fellestur på ettersommaren. Styret vil då legge fram forslag til eit turopplegg som mellom anna kan innebere følgjande.
- turen vert arrangert i slutten av august eller månadsskiftet august/september
- turen vil bli gjennomført med eigen buss med start/stopp i Ørsta/ Vlda samt Myrvåg,
- turen vil gå om Altalanterhavsparken der det vert eit lett måltid samt omvisining,
- turen vil ende på Alnes Opplevelsessenter der det også vert omvisning samt middag.
- eigendel for turen vert ca kr 500. Foreninga vil då sponse turen med tilsvarande beløp.
På medlemsmøtet ynskjer vi innspel og tilbakemeldingar om forslaget. Så kom på medlemsmøtet og sei di meining om forslaget.
Grasrotmidlar er midlar foreninga får frå Norsk Tipping ved at den som tippar, registrerer NFS Søre Sunnmøre som den ideelle organisasjonen ein vil støtte gjennom tippinga. Ordninga inneber at foreninga vår då får 5% av den summen det vert tippa for. Dette går ikkje utover tippar sin innsats eller ein evt premie. Dette er kun ei ordning som skal overføre midlar frå Norsk Tipping til ideelle lag og organisasjonar rundt om i landet.
Dersom du vil at vår forening skal få slik grasrotmidlar frå dine spel hos Norsk Tipping, ordnar du dette ved å oppgje vårt organisasjonsnummer når du registrerer deg hos kommisjonær eller på nettet (sjå link under). Skifte av grasrotmottakar gjer du også hos kommisjonær - eller på nettet.
NFS Søre Sunnmøre sitt organisasjonsnummer er 911 954 834.
Lokalforeninga heldt medlemsmøte med årsmøte 1. februar på Mork Rehabiliteringssenter. 31 medlemmar var til stades. Medlemstalet i foreninga er no auka til vel 50.
Leiar John Hide ynskte velkomen og gjennomgjekk årsmeldinga. Forutan månadlige medlemsmøte med faglig og sosialt innhald, er det arrangert likepersonkurs, ope møte om hjerneslag, hurtigrutetur til Hjørundfjorden, tur til og omvisning på Runde Miljøsenter samt juleavslutning på Sunnmøre Folkehøgskule.
Rekneskapen for 2016 viste balanse.
Ved val av styre vart desse valde.
John Hide, leiar
Hallvard Takset
Inger Johanne Lillestøl
Ragnhild Remøy
Knut Aambø
Vara: Palma Hide og Hildegunn Lande
.
Under juleavslutninga i Ulsteinvik fekk ekteparet Palma og John Hide overrekt blomster som synleg takk for det store arbeidet dei legg ned i drifta av NFS Søre Sunnmøre.
John Hide er leiar i laget og han får mykje av æra for at laget er så aktivt som det er. Palma legg også ned eit stort arbeid i drifta av laget, men mest av alt gjer ho ein stor jobb som John si "høgre hand" i han utøvelse av leiarfunksjonen.
Vi som er medlemmar av foreninga set stor pris på det arbeidet desse to gjer og har gjort for foreninga og for oss som er slagramma.
Webmaster: Hallvard Takset
Slagforeninga avslutta møteåret 2016 med medlemsmøte på folkehøgskulen i Ulstein. Tradisjonen tru vart det på dette desembermøtet servert julemidddag og folkehøgskulen serverte oss eit utsøkt måltid med pinnekjøt og svineribbe, og med etterfølgjande bløtkake som dessert.
På møtet underheldt elevar frå Folkehøgskulen med sang og musikk. Inger Johanne Lillestøl har ved fleire høve bidratt på slagforeninga sine arrangement med opplesing av dikt og prosa og nok ein gong trollbandt ho publikum med si opplesing.
Heile 35 av medlemmane var med på denne samlinga. Styret i Slagforeninga ynskjer alle medlemmar og alle slagramma på Søre Sunnmøre ei god jul.
Tradisjonen tru vert det "julebord" på desembermøtet i slagforeninga. Arrangementet vert på folkehøgskulen i Ulsteinvik onsdag 7. desember kl 14,00.
Møtet er ope for medlemmar i slagforeninga. Også nye medlemmar er velkomne. Det er sett opp buss til møtet frå Ørsta/Volda.
På grunn av middagsserveringa, må vi få inn førehandspåmelding til dette medlemsmøtet. Påmelding til John Hide tlf. 91583290.
Overskotet frå lodsala på dei tidlegare medlemsmøta vil inngå i betalinga for middagen slik at det kun vert kravd inn ein eigendel på kr 100 for maten.
Likepersonkurset, som lokalforeninga i Ålesund sammen med vår avdeling arrangerte i Fosnavåg den 5. november, hadde 16 deltakarar, derav 10 frå vår lokalavdeling. Dyktig kurshaldar var Øystein Haugan.
På likepersonkurset vart det fokusert på det å vere eit medmennske og ikkje ein fagperson i møte med andre som har fått hjerneslag. Ein likepersom er ein som har eit reflektert forhold til sitt eige hjerneslag og som har fått ein viss avstand til sin eigen sjukdom og som no kan hjelpe andre som har fått hjerneslag. Lokalforeninga har tankar om at dei som har tatt likepersonkurset, kan møte andre i meir eller mindre organiserte former, til dømes på Mork Rehabiliteringssenter.
Kurset var i høgste grad vellukka og lokalforeninga vår ynskjer å takke Ålesundavdelinga sin dyktige leiar Kjell Inge Skarbø for sitt bidrag til dette kurset spesielt og til positiv instlling og hjelp til vår forening generelt.
Novembermøtet i lokalforeninga vert arrangert på Morksentert onsdag 9. november kl 14.00.
Hovudtema på møtet vert informasjon om hjelpeordingar som vi som slagramma kan ha rett til å få. Til dømes parkeringsbevis. På møtet vil vi få med sosionom Eli Skaatun som vil orientere om desse ordningane og svare på spørsmål knytt til det å få hjelp til å få slike ordningar.
På møtet vil det også bli orientert om likepersonkurset som slagforeninga arrangerer i Fosnavåg laurdag 5. november samt om medlemsmøte med julemiddag som vi skal ha i Ulsteinvik i desember.
Nye medlemmar er spesielt velkomne til å vere med oss på møtet på Mork.
Onsdag 12. oktober kl 14.00 arrangerer lokalforeninga medlemsmøte på Runde Miljøsenter.
På møtet vil det bli lagt inn ein 1,5 timars omvisning på senteret.
På møtet vil det bli servert middag (bakalao). Eigendel på kr 100. Det vil bli forsøkt sett opp buss frå Ørsta via Garnes og Fosnavåg til møtet.
På grunn av middagsserveringa, må vi få inn førehandspåmelding til dette medlemsmøtet. Påmelding til John Hide tlf. 91583290.
Hovudtema på møtet var korleis synet kan bli påverka av eit hjerneslag samt rettigheiter og kva hjelp ein kan få når synet vert redusert. 60 % av alle slagpasientar får problem med synet. På møtet deltok Ingebjørg Gurskevik Rogne og Marit Herø Ulla. Begge arbeider som spesialpedagogar ved Ålesund Voksenopplæringssenter og har stor kompetansde på fagområdet.
Dei tok utgangspunkt i Ålesund kommune sitt tilbod gjennom Ålesund Voksenopplæringssenter og påpeikte at alle kommunar har plikt til å gje eit tilbod innan vaksenopplæring. Dei fleste mindre kommunar gir dette tilbodet gjennom PP-kontoret i kommunen. Innbyggjarane har rett til spesialundervisning til grunnleggande ferdigheter som til dømes lesing.
Det vart orientert om teikn/døme på dårleg syn samt om konsekvensar av dårleg syn. Det vart poengtert at aktiv synstrening er viktig i rehabiliteringa og at dei har gode resultat gjennom sitt arbeid i Ålesund. Fleire har fått tilbake førarkort takka vere den treninga som vert gjennomført gjennom Ålesund Voksenopplæringsenter.
Kommunane skal ha ein såkalla "synskontakt". Det er likevel slik at initiativet for å få hjelp, må kome frå den slagramma sjølv. Det er då viktig at den slagramma får god informasjon på sjukehus og rehabiliteringssenter om kva rettigheiter vedkomande har og kva tilbod som finnast ute i kommunane.
Til slutt vart det vist ein del praktiske øvingar som vert brukt i opptreninga av augene.
Søndag 4. september vart det arrangert tur med Hurtigruta til Hjørundfjorden. Det var Ålesundavdelinga som sto for arrangementet og vi frå Søre Sunnmøre var inviterte med. Totalt var det 41 personar i reisefølgjet som gjekk ombord i båten i Ålesund søndag morgon. Av desse var det 12 frå vår avdeling.
Hjørundfjorden viste seg frå ei flott side og vi fekk oppleve fjorden i sol og fin temperatur tatt i betraktning av at det var ein haustdag,
Båten stoppa utanfor Urke og låg der eit par timar før den returnerte til Ålesund. Inkludert i turen var også ein god lunsj frå eit rikhaldig koldbrod.
Alt i alt ein svært vellukka tur. Honnør til Ålesundavdelinga med sin leiar Kjell Inge Skarbø for eit flott opplegg og ein takk til dei for at vi vart inviterte med på turen.
Neste medlemsmøte vert på Mork Rehabiliteringssenter onsdag 7. september kl 14.00. Hovudtema på møtet vert korleis synet kan bli påverka av eit hjerneslag samt kva hjelp ein kan få når synet vert redusert. 60 % av alle slagpasientar får problem med synet. På møtet vil vi få besøk av Ingebjørg Gurskevik Rogne og Marit Herø Ulla. Begge arbeider som spesialpedagogar ved Ålesund Voksenopplæringssenter og har stor kompetansde på fagområdet.
Nye medlemmer er spesielt velkomne. Enkel servering.
Merk at oktobermøtet truleg vert flytta til Runde. Meir informasjon om dette får de på medlemsmøtet den 7. september på Mork,
Ålesundforeininga skal på hurtigrutetur til Hjørundfjorden søndag 4. sptember, og har invitert med medlemmane i slagforeninga på Søre Sunnmøre.
Turen kostar kr. 200,- pr. person inklusiv lunsj, så turen er sterkt sponsa av ålesundforeininga.
Alle som har følgekort gir beskjed om dette når dei melder seg på, då hurtigruta akseperer dette.
Hurtigruta (Nordnorge) går frå Ålesund søndag kl. 0930 og er attende kl. 1715.
Dei som vil vere med lyt ta seg til Ålesund sjølve, då første hurtigbåt går frå Hareid søndag kl. 0930
Påmelding til John Hide tlf. 91583290.
Loklaforeninga har no klar ei ny informasjonsbrisjyre som vi vil prøve å distrbuere til potensielle nye medlemmar av laget. Leiar John Hide har fått laga ei informativ brosjyre som inneheld informasjon om NFS sentralt og om lokalforeninga vår. Vi i lokalforeninga meiner at vi kan bidra på ein positiv måte overfor slagramma og deira næraste, noko vi prøver å få fram i informasjonsbrosjyra.
Brosjyra vil bli lagt ut på legekontor, fysikalske institutt og hos fysioterapeuter og evt andre stader der vi kan nå dei som er i målgruppa for medlemsskap i lokalforeninga.
Dersom du ser ein stad der brosjyra burde ligge, er det berre å ta kontakt med oss, så skal vi sende eit antal brosjyrer som du kan få lagt ut der. Send oss ei melding ved å gå inn på "Kontakt" i menylina over.
Lokalforeninga arrangerte 10. mai eit ope møte om hjerneslag. Møtet vart arrangert på Mork Rehabiliteringssenter og samla mykje folk trass i eit fint og varmt sommarver ute.
Leiaraen i lokalforeninga John Hide opna møtet med å rose og takke Mork Rehabiliteringssenter og leiaren der Anita Nybø for stor velvilje og det gode samarbeidet foreninga har med senteret.
Først i den faglege delen av programmet heldt lege Tonja Pantelatos eit innlegg om det å få hjerneslag. Deretter var det fysioterapeut Jose Souto som oriernterte om viktigheita av fysisk aktivitet etter å ha fått slag. Trude Sætre Gretland heldt så eit innlegg der ho sette fokus på dei kognitive endringane som kan oppstå etter eit hjerneslag.
Ettere matpausen var det John Hide sin tur og han fortalde om sine erfaringar med å få hjernesslag og det å leve med hjerneslag.
På møtet var det også to fine kunsterisk innslag ved Inger Johanne Lillestøl.
Maimøtet samla 24 deltakarar. Møtet vart, som det framgår av eiga nyheitssak under, arrangert dagen etter det positive og vellukka folkemøtet om slag som foreninga arrangerte den 10. mai på Mork og der vi hadde mellom 50 og 60 frammøtte.
Medlemsmøtet denne gongen fokuserte på sosialt samvær med prat rundt småborda og med god salat frå Kari på kjøkkenet. Vi drøfta også alternative turaktivitetar som evt vert arrangert i løpet av ettersommaren. Den planlagde turen til Oppdal saman med Ålesund-foreninga ser ikkje ut til å kunne gjennomførast på grunn av liten interesse derifrå. Alternative eigne turar i vår forening vil bli vurderte.
Styreleiar John Hide orienterte om ein ny informasjonsbrosjyre som han har utarbeidd. Denne vil ein prøve å dele ut til dei som er pasientar på Mork samt på legekontor og fysikalske institutt etc rundt om i kommunane.
Det vart også orientert om eiga nettside for lokalforeninga som er under arbeid.