Årsmøte 4. mars

Årsmøte i foreninga er 4. mars klokka 14.00 på Mork.

Det vert tradisjonelle årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val til styre og andre verv.

For å avlaste styret håper vi at nokre medlemmer kan ta på seg oppgåver knytt til fellesturar og samlingar som vi har utanom dei ordinære medlemsmøta.  Dette er samlingar av den type vi har hatt på Selfangstmuseet, Runde Miljøsenter, Grodås og Rekkedal.  Vi håper at nokre av medlemmane vil stille opp og hjelpe til med desse arrangementa.  Ta kontakt med Hallvard eller John om du kan bidra her, evt ta kontakt med oss på årsmøtet.

Skal vi halde oppe aktiviteten, treng vi bidrag frå fleire enn dei som no sit i styret.

Medlemsmøte 5. februar

Vi startar opp året med nytt medlemsmøte på Mork onsdag 5. februar kloka 14.00.  På møtet vil ein representant frå  ein lokal butikk vere til stades og presentere kle og fottøy som skal vere spesielt tilpassa slagramma og andre med nedsett funksjonsevne.

Vel møtt på Mork 5. februar.

Vi minner også om årsmøte på Mork den 4. mars.

Nye medlemmar er spesielt velkomne.